Meir Morrabla og ymse anna

Så var det tid for ny Morgenbladet-stubb att, og denne gongen har eg skrive om den typen menn som gjerne vert kalla kulturmenn. (Sjå til dømes denne fine teksta av Marte Michelet: Kulturmannen, hvem er det?)

Stykket mitt ligg her: Eg lir av kulturmannmisunning

Og elles? Eg har nyleg signert ein kontrakt med Samlaget som seier at me skal gjeva ut ei bok i mars. Så mykje meir enn det vil eg ikkje seia, men eg kan i minsto røpa at temaet er språk. Nett no skriv eg for harde livet.

Dei som er på eller i nærleiken av Lillehammer 4. desember, er hjarteleg velkomne til dette arrangementet på biblioteket: «Lesber, litteratur og landsmål» – Kristin Fridtun snakkar om lidenskapane sine