Om meg

D’er betre å vita rett en vona rangt.

Lat oss ta det punkt for punkt:

Namn: Kristin Fridtun
Fødd: 1987
Bustad: Lillehammer. Men eg kjem frå Elverum nedst i Østerdalen.
Utdanning: Master i nordisk (norrøn filologi), årstudium i latin og litteraturvitskap frå Trondheim, NTNU.
Yrke: Forfattar! Eg skriv bøker (sakprosa) og artiklar og driv med formidling av ymse slag. Eg har tidlegare arbeidt i Stadnamntenesta i Språkrådet.
Personleg pronomen: Eg har ingen sterke preferansar. Både ho og hen går fint. Om du er i tvil, er det berre å spørja.
Anna: Eg er skeiv og lukkeleg gift med Ida. I barndomsåra var eg hundejente, men har enda opp som kattedame. I ungdomen dreiv eg med skihopping og fotball. Fram til 2006 var eg bokmålsbrukar.

Utmerkingar
Språkprisen (2019)
Bokhandelens sakprosapris (2016)
Språkgledeprisen (2016)
Volumstipendet (2013)

Eit utval intervju (dersom nettadressene framleis verkar …)
Kulturhuset (NRK P2), 10.03.2016: «Kristin Fridtun: Kjønn og ukjønn» (snarveg)
Intervju i samband med utgjevinga av Kjønn og ukjønn er lista opp her.
Morgenbladet, 29.08.2014: «Mitt liv som hen» (snarveg)
NRK.no, 18.09.2013: «–Mye stønning og banning» (snarveg)
Ekko (NRK P2), 26.06.2013: «Alskens folk og transpersoner» (snarveg)
Østlendingen, 28.08.2012: «Gode ord tåler en spøk» (snarveg) (Fotograf er Silje Krager, ikkje T. Åmodt)
Aftenposten, 28.08.2012: «Ordene du ikke visste at du lurte på» (snarveg)
Under Dusken, 21.03.2012: «Kjønnsrollespill» (snarveg)
Gaysir, 01.02.2012: «Skal eg gå på gute- eller jentedoen?» (snarveg)
Universitetsavisa, 02.11.2010: «Veien til nynorsk går nå via iTunes» (snarveg)