Gjæv pris

Onsdag for ei veke sidan var eg i Bergen og tok imot Språkprisen 2019 for «framifrå bruk av norsk i sakprosa». Det er Språkrådet som deler ut prisen, og han vert delt ut annakvart år til bokmål og nynorsk. Meir info om prisen og kåringa her.

Eg er svært glad og takksam! Prispengane skal eg bruka til å skriva fleire bøker.

Meir Morrabla og ymse anna

Så var det tid for ny Morgenbladet-stubb att, og denne gongen har eg skrive om den typen menn som gjerne vert kalla kulturmenn. (Sjå til dømes denne fine teksta av Marte Michelet: Kulturmannen, hvem er det?)

Stykket mitt ligg her: Eg lir av kulturmannmisunning

Og elles? Eg har nyleg signert ein kontrakt med Samlaget som seier at me skal gjeva ut ei bok i mars. Så mykje meir enn det vil eg ikkje seia, men eg kan i minsto røpa at temaet er språk. Nett no skriv eg for harde livet.

Dei som er på eller i nærleiken av Lillehammer 4. desember, er hjarteleg velkomne til dette arrangementet på biblioteket: «Lesber, litteratur og landsmål» – Kristin Fridtun snakkar om lidenskapane sine