Oppdrag

Berre Bok gjerer ingen Mann klok.

Føredrag
Eg held gjerne føredrag/kåseri om ymse emne i ymse samanhengar, til dømes for studentar, på bibliotek, litteraturfestivalar og andre kulturarrangement. Føredraga kan ta utgangspunkt i bøkene mine, eller eg kan skreddarsy eit opplegg for det særskilde høvet.

Eg er medlem i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) og Norsk Forfattersentrum. Hjå sistnemnde har eg ei eiga side med info og kontaktskjema.

Hausten 2013 var eg på skuleturné med eit føredrag om Ivar Aasen (Den kulturelle skulesekken).

Nynorskkurs
Eg har tidlegare halde ein del kurs i nynorsk språkføring og grammatikk. Dei siste åra har eg prioritert eiga skriving og andre formidlingsoppdrag, men det er ikkje umogleg at eg kastar meg på nynorskkurskøyret att. Dersom du gjerne vil ha meg til å halda kurs, er det berre å spørja. Om eg har høve, stiller eg.

Eg har òg skrive ei innføringsbok i nynorsk og laga eit nettkurs i nynorsk for NTNU. Kurset er gratis og ligg ope for alle. Du finn det òg på YouTube og i iTunes.