I årevis har eg trædd på meg herredressar med galne mål og kvinnedressar med gale snitt og galne detaljar. No har eg prøvt skreddarsaum og ser meg ikkje attende.
Skriveri i Dag og Tid
I tillegg til den faste språkspalta skriv eg nettartiklar for Dag og Tid i ny og ne. Sidan sist er desse artiklane publiserte:
Livet med knappetelefon (om å leva utan smarttelefon)
Forpesta språk (om pestrelaterte ord og vendingar)
Harving i bokhausten (om ordet haust)
Eg driv og skriv
Sidan sist er eit bokmanus ferdigskrive (meir info kjem), og no driv eg stort sett og skriv andre ting.
Mellom anna ein artikkel på nett i Dag og Tid om fleirtalspronomenet dei (bm. de) nytta om einskildpersonar: Be ein språkbrukar fortelja kva dei synest om denne pronomenbruken.
Framhald fylgjer!
Ja, det er litt stilt her
Bokskriving på gang …
Men 19. september luftar eg meg! Då deltek eg i ein panelsamtale om dronning Kristina av Sverige, androgynitet og kjønnsdebatt m.m. i samband med Nationaltheatret si framsyning Dissekering av et snøfall (Sara Stridsberg). Les meir her.
Haustoppdrag
Det blir litt reising og bokprat på meg i haust! Her er nokre av dei opne arrangementa som er planlagde.
Onsdag 13. september: samtale om Klok kvinne eller digg dame? på Camino Bok i Fredrikstad, kl. 19.00. Samtaleleiar er Erling Andre Flote. Meir info i Facebook-arrangementet.
Fredag 6. og laurdag 7. oktober: Litteratursymposiet i Odda. To programpostar: føredrag om Håvamål-boka og samtale med Linda Eide og Kjersti Mjør om tabuord og banning.
Laurdag 14. oktober: Norsk sakprosafestival i Oslo. Held festivalføredraget kl. 13.00.
Måndag 6. og tysdag 7. november: Valdres litteraturfest. Pratar om Håvamål-boka i Slidre på måndag og Bagn på tysdag.
Tysdag 14. november: Arctic Pride i Tromsø. Tromsø bibliotek og byarkiv kl. 19.00. Om eldre skeiv litteratur.
Laurdag 25. november: Føredrag om Klok kvinne eller digg dame? på Tønsberg og Færder bibliotek, kl. 15.00. Meir info i Facebook-arrangementet.
Omtalar og oppdrag
Klok kvinne eller digg dame? kom ut i slutten av mars, og så langt har det gått særs bra med henne. Det har vore gode meldingar i Morgenbladet (31. mars), Aftenposten (29. mars) og Klassekampen (29. mars).


Det vert ymse høve til å høyra meg snakka om boka framover. Til dømes Deichman Nordtvet fredag 12. mai (kl. 12.00) og Norsk litteraturfestival på Lillehammer laurdag 27. mai (kl. 15.00).
Bok i kjømda
Ei ny bok er send i trykken! Ho skal vera ute i slutten av mars. Det vert lanseringsarrangement på Litteraturhuset i Oslo tysdag 28. mars kl. 19.00 og på Lillehammer bibliotek og litteraturhus torsdag 13. april.
Les meir om boka på sidene til Samlaget.

Scenesamtalar i haust
Torsdag 27. oktober, Ringsaker bibliotek: «Et hemmelig liv – Tre generasjoner med skeive erfaringer // Skeivt kulturår» Facebook-arrangement
Fredag 28. oktober, Ordfestivalen / Scene HumSam: «Kjønn på norsk – når nye tanker krever nye ord» Facebook-arrangement
Torsdag 17. november, Deichman Bjørvika: «Transdebatt med innestemme» Facebook-arrangement
Sumar i P2
I år fekk eg høve til å prata og spela musikk i P2 i nesten ein heil time. Sumar i P2-episoden min handlar om gutejenter og maskuline kvinner. Episoden ligg m.a. ute her og finst òg som podkast.

Kommentar om åtaket i Oslo
Eg har skrive eit lite stykke om terroråtaket i Oslo natt til 25. juni, publisert i Dag og Tid 26/2022. Det er mogleg å lesa og høyra kommentaren her.
Elles ser framsida slik ut, med teikning av May Linn Clement.

