Tekster

Det som er skrivet er gøymt; det som er sagt er gløymt.

Sidan 2009 har eg skrive fast for avisa Dag og Tid: Eg har ei språkspalte der eg vrir og vrengjer og leikar meg med velkjende ord og vendingar (i 2014 skreiv eg Prøysen-spalte i staden, og våren 2017 skreiv eg om eddadikt). Elles er eg lausarbeidar og skriv litt her og der, fyrst og fremst om språk og litteratur, men òg om kjønn, homofili, trans og andre skeive emne.

 

Bøker

  • «Nordfjordmåla», artikkel i boka Nordfjordboka. Kulturhistorisk vegvisar (2016), Selja Forlag, red. Jon Tvinnereim mfl.
  • «Stutkælver og førkjefiller. Pejorativ i Prøysens prosa», artikkel i boka «Et uvanlig godt språkøre» – artikler om Alf Prøysen og språket (2015), Oplandske Bokforlag, red. Karianne Hagen og Lars Anders Kulbrandstad.
  • Kjønn og ukjønn (2015), Det Norske Samlaget
  • Nynorsk for dumskallar (2013), Det Norske Samlaget
  • Norsk etymologisk oppkok (2012), Det Norske Samlaget
  • «Kven av oss kallar du med kvinnenamn, far? Ordet systkin i norrøn tid», artikkel i boka Søsken (2011), Det Norske Samlaget / Ratatosk, red. Guri og Sigrid Sørumgård Botheim & Kjersti og Ingrid Rognes Solbu.
  • «‘Hamskiftet’ i Völundarkviða: Er Volund flygefør?», artikkel i boka Norrøne forvandlinger (2011), Vidarforlaget, red. John Ole Askedal, Helen Johannessen, Steingrímur Njálsson og Asbjørn Aarnes.
  • Króka-Refs saga – ein bokleg revkrok? (2011), masteroppgåve i norrøn filologi, NTNU.

Tre av tekstene mine er òg prenta i læreverk i norsk for vg-trinnet, ei i Intertekst VG1 studieførebuande (Fagbokforlaget), ei i Norsk for yrkesfag 2 og Norsk for yrkesfag 1+2 (Aschehoug) og ei i Moment Vg3 (CappelenDamm).

 

Eit utval artiklar
«Den nye tids type, halvmændene», Vagant 3/2017
«Nykel til Norsk Ordbok», Prosa 4/2016
«Vellystige Friktioner» [om lesbisk sengedaude], Fanfare #7 (2016)
«Toalettsaker», Syn og Segn 1/2016
«Kvar er du, hen?», Samtiden 1/2016
«Ordet som alltid glepp», Klassekampen 10.10.2015
«Ute i føredragsfelten», Prosa 2/2015
«Jenter som flyg» [om skihopping], Magasinett.no 20.01.2014
«Ordet kjønn – farleg eller frigjerande?», Hvilket kjønn er du?, Skeiv Ungdom 2014
«Ivar Aasen – rota til alt vondt?», Norsklæreren 3/2013
«Transtankar», Syn og Segn 2/2013
«Skeivt om skeiv litteratur», Magasinett.no 23.05.2013
«Karin Boye: Kva ville ho med livet?», Dag og Tid 18/2013
«Von for vonlandsk» [om Sigur Rós], Mål og Makt 1/2013
«Fin med latin?», Syn og Segn 1/2013
«Væskebalansen» [om humoralpatologi], Dag og Tid 51-52/2012
«Bronskimlet baskar med ord», Jul i Trøndelag 2012
«Stadige stadnamn», Statsspråk 4/2012 (Språkrådet)
«Ein ordvridar vrengjer sjela si», Riss 2/2012
«Dette er den nye nynorsken», Framtida.no 27.07.2012
«Han var kvinnfolk kvar niande natt», Syn og Segn 1/2012
«Alskens kjønn», innlegg på bloggen MadDam, publisert 28.02.2012
«Kjærleik gjer ikkje blind» [om Karin Boye], Riss 2/2011
«Hele væla er bære jordbær?» [om Alf Prøysen], Dag og Tid 22/2011
«Kva vil deg livet?» [om Åsmund Sveen], Dag og Tid 1/2011

Elles har eg jamleg skrive for Motmæle, Mål og Makt, Riss, ymse årbøker, Samlagsbloggen med meir.

Advertisements