Det vart ingen vanleg litteraturfestival på Lillehammer i år, men det vert ein digital festival i samarbeid med NRK! Meir informasjon på heimesida til festivalen. Eg skal leia to samtaler på laurdag og ser fram til det.
Side 3 av 9
Skriving i ei krisetid
Til liks med alle andre har eg vorte råka av avlysingar og utsetjingar, og slikt er aldri moro. Likevel har eg sloppe relativt lett ifrå det, for eg hadde planlagt å bruka mesteparten av 2020 til bokskriving og hadde skrapa i hop midlar å tæra på. Driven heimekontorist er eg òg. Jamvel om eg har arbeidt godt i den rolege perioden me har vore – og framleis er – inne i, vonar eg at han ikkje varer altfor lenge. Ein føresumar utan litteraturfestivalar og pridefeiringar er ingen retteleg føresumar.
Neste tekst frå meg (om me ser bort frå Dag og Tid-stubbane) kjem i Syn og Segn nr. 2/2020.
Skeiv litteraturfestival på Raufoss/Gjøvik
Fyrste helga i februar (1.–2.) vert den skeive litteraturfestivalen Versus skipa for andre gongen. Det var veldig triveleg i fjor, og kanskje det vert endå trivelegare i år? Programmet ser i alle fall lovande ut. Eg skal så vidt i aksjon sjølv, men ser aller mest fram til å vera festivalgjest. Kom, kom!
Gjæv pris
Onsdag for ei veke sidan var eg i Bergen og tok imot Språkprisen 2019 for «framifrå bruk av norsk i sakprosa». Det er Språkrådet som deler ut prisen, og han vert delt ut annakvart år til bokmål og nynorsk. Meir info om prisen og kåringa her.
Eg er svært glad og takksam! Prispengane skal eg bruka til å skriva fleire bøker.
Atter ein Morgenblad-stubb
Egalias døtre (1977) av Gerd Brantenberg er skuffande aktuell, skriv eg i Kjønnsliv-spalta i Morgenbladet. Artikkelen ligg på nett her.
Haustplanar
Ny haust, nye oppdrag! Denne hausten har eg jamvel eit utanlandsoppdrag.
Onsdag 18. september kl. 19.00 skal eg preika om Språket er ei bukse på Nynorskens hus i Oslo. Meir info her.
Fredag 20. september skal eg prata om same emnet på Fredagslunsj på Kristiansand folkebibliotek.
Laurdag 21. september innleier eg på eit seminar om tufta til Noregs Mållag. Mykje spanande på programmet!
Måndag 30. september skal eg halda eit lite innlegg på Hieronymusdagen i Danmark. Temaet for stemna i år er «Kvinder i oversættelse», og eg skal tala om kvinneframstillingane i Håvamål-omsetjingar. Meir info her.
Tysdag 1. oktober kl. 18.00 vert det meir preiking om Språket er ei bukse, denne gongen på Hovudbiblioteket i Bergen. Meir info her.
Onsdag 9. oktober skal Helene Uri og eg til Deichman Grünerløkka og tala om klassikaren Egalias døtre (1977) av Gerd Brantenberg. Samtaleleiar er Madeleine Schultz. Fri inngang. Meir info her.
Tysdag 22. oktober kl. 19.00 vert det ein samtale på Elverum bibliotek om Språket er ei bukse. Facebook-hending her.
Onsdag 30. oktober skal eg delta på eit språkarrangement på Det Norske Teatret i Oslo i lag med Ingvild Bryn og Ola E. Bø. Facebook-hending her og litt info her.
Onsdag 20. november skal eg halda føredrag på Nynorskkonferansen, som i år vert halden på Hamar, Høgskulen i Innlandet. Meir info her.
Ny Morgonblad-stubb og bokomtale
For ei dryg veke sidan la Morgenbladet ut ein ny Kjønnsliv-artikkel frå meg: «Den fysiske styrken til kvinner er undervurdert»
Dessutan har Språket er ei bukse fått fin omtale på vevstaden til Riksmålsforbundet!
Andre meldinga av bukseboka
Fyrste meldinga av bukseboka
Dei nynorske festspela
No er det straks festspel i Aasen-tunet! Eg har oppdrag torsdag og fredag, og heile programmet ligg ute her.


