Skriving i ei krisetid

Til liks med alle andre har eg vorte råka av avlysingar og utsetjingar, og slikt er aldri moro. Likevel har eg sloppe relativt lett ifrå det, for eg hadde planlagt å bruka mesteparten av 2020 til bokskriving og hadde skrapa i hop midlar å tæra på. Driven heimekontorist er eg òg. Jamvel om eg har arbeidt godt i den rolege perioden me har vore – og framleis er – inne i, vonar eg at han ikkje varer altfor lenge. Ein føresumar utan litteraturfestivalar og pridefeiringar er ingen retteleg føresumar.

Neste tekst frå meg (om me ser bort frå Dag og Tid-stubbane) kjem i Syn og Segn nr. 2/2020.