Språket er ei bukse er meld i Bokmagasinet i Klassekampen i dag 22. juni. Meldaren har opplagt forstått kva eg prøver på, og innvendingane er vituge.
Side 2 av 7
Dei nynorske festspela
No er det straks festspel i Aasen-tunet! Eg har oppdrag torsdag og fredag, og heile programmet ligg ute her.
BOKA ER KOMEN FRÅ PRENTEVERKET
Seksuell reorientering
… er temaet for den ferskaste Kjønnsliv-teksta mi. Ho ligg som vanleg fritt tilgjengeleg på nettsidene til Morgenbladet. Her!
Ny bok (snart): Språket er ei bukse
Denne boka skal etter planen koma i slutten av april. Berre å gleda seg! Må berre skriva henne ferdig fyrst …
Omslag: Johanne Hjorthol
Hansteen og kompani
Ny tekst i Morgenbladet!
Emnet denne gongen: kule nynorskdamer på 1800-talet.
Så har det hendt, det som måtte henda:
Eg har nytta Kjønnsliv-spalteplassen på Morgenbladet.no til å skriva om mensen.
Artikkelen ligg fritt tilgjengeleg her.
Illustratør: Oscar Grønner
Meir Morrabla og ymse anna
Så var det tid for ny Morgenbladet-stubb att, og denne gongen har eg skrive om den typen menn som gjerne vert kalla kulturmenn. (Sjå til dømes denne fine teksta av Marte Michelet: Kulturmannen, hvem er det?)
Stykket mitt ligg her: Eg lir av kulturmannmisunning
Og elles? Eg har nyleg signert ein kontrakt med Samlaget som seier at me skal gjeva ut ei bok i mars. Så mykje meir enn det vil eg ikkje seia, men eg kan i minsto røpa at temaet er språk. Nett no skriv eg for harde livet.
Dei som er på eller i nærleiken av Lillehammer 4. desember, er hjarteleg velkomne til dette arrangementet på biblioteket: «Lesber, litteratur og landsmål» – Kristin Fridtun snakkar om lidenskapane sine
Ringsaker bibliotek 6. november
Bokpraten med Bjørn Hatterud nærmar seg: Tysdag om ei veke treffest me på Ringsaker bibliotek. Arrangementet byrjar kl 19.00 og varar til om lag 20.30, seier Facebook-hendinga.
Fri inngang og boksal.
Ein samtale er så smått i gang …
Innlegget mitt i Morgenbladet 14.10. fekk eit tilsvar, som eg svara på. Eit lite ordskifte – eller snarare ei fredfull samrøde – vart det òg på Facebook-veggen min.
16.10.18: Kjønnskategorier tåler grensetilfeller
21.10.18: Då tek eg ansvar for å lyfta grensetilfella fram i ljoset