Nominert til Språkprisen 2015

Akkurat då eg trudde at høgdepunktet mitt som skrivande menneske var nådd, og at 2015 umogleg kunne ha meir å byda på, kunngjorde Språkrådet at eg er nominert til Språkprisen 2015 – i lag med fem framifrå forfattarar. Å jø så nøfyse!

Nominasjonen er i seg sjølv reine sigeren for meg. Det er sjølvsagt ein klisjé, men som eg lærte av ein litteraturvitar ved NTNU: En klisjé e blitt te det den e fordi den va en god idé. Dessutan er det sant.

Sidan eg mellom anna er nominert for Norsk etymologisk oppkok (2012), nyttar eg høvet til å syna fram det fine omslaget (av Jesper Egemar).

oppkoket_omslag

Kjønn og ukjønn på Kvarteret

I morgon (tysdag) skal eg halda eit innlegg om den nye boka mi for studentar og andre nyfikne sjeler. Det heile skal gå føre seg på Det Akademiske Kvarter, meir presist i Maos Vesle Raude, frå klokka 19.00. Eg held på om lag ein time, så vert det høve til å koma med spørsmål og innvendingar og andre innspel. Tilskipar for møtet er Studentmållaget i Bergen.

Temaet for innlegget mitt er – akkurat som i boka – språk og kjønn. Eg skal mellom anna røpa korleis desse to, Peder Claussøn Friis (1545–1614) og Dorothe Engelbretsdotter (1634–1716), nytta ordet kjønn i skriftene sine.

standard_claussoenpederstandard_dorothe_engelbretsdatter

Det er fritt tilgjenge, og eg tek med tre eksemplar av boka – som me loddar ut.

På Facebook: https://www.facebook.com/events/540537616110092/

Ny bok!

Det (førebels) siste opuset mitt, Kjønn og ukjønn, har no vore ute i verda eit par veker. Boka har greitt seg særs godt der ute: Den merksemda ho har drege til seg, har jamnast vore av det gode slaget. Nokre har harmast over at eg driv og testar ut pronomenet hen i fullt alvor, men anna var ikkje å venta.

Sleppfesten på Mono i Oslo 17. september var særs triveleg: Der deltok mellom anna Tina Åmodt, Luca Dalen Espseth og Christine Marie Jentoft (som òg har lagt ut nokre bilete frå kvelden).

Sidan har det vorte nokre intervju her og der, mellom anna i Vårt Land, Østlendingen, Framtida.noGaysir.no, «Her og nå» i P1 (14.09.15), Morgenbladet (11.09.15). Boka fekk òg umåteleg god omtale i Aftenposten, og ho vart meld i Universitas 27/2015. Tidlegare i månaden hadde eg gleda av å figurera i same D2-reportasje som Orange is the new black-stjerna Laverne Cox. Fredag 2. oktober skal eg tala om boka mi saman med Linda Eide og Gunnstein Akselberg på Litteraturhuset i Bergen, i høve Forfattersleppet 2015.

Sjølv er eg nok mest stolt over at boka rett og slett vart kjøpt inn av Kulturrådet. Nålauga for sakprosa er som kjent frykteleg trongt, og eg var på ingen måte trygg på at eg skulle sleppa gjennom. Men det gjekk – og det gjer godt for forfattarøkonomien.

omslag_til heimesida