Det (førebels) siste opuset mitt, Kjønn og ukjønn, har no vore ute i verda eit par veker. Boka har greitt seg særs godt der ute: Den merksemda ho har drege til seg, har jamnast vore av det gode slaget. Nokre har harmast over at eg driv og testar ut pronomenet hen i fullt alvor, men anna var ikkje å venta.
Sleppfesten på Mono i Oslo 17. september var særs triveleg: Der deltok mellom anna Tina Åmodt, Luca Dalen Espseth og Christine Marie Jentoft (som òg har lagt ut nokre bilete frå kvelden).
Sidan har det vorte nokre intervju her og der, mellom anna i Vårt Land, Østlendingen, Framtida.no, Gaysir.no, «Her og nå» i P1 (14.09.15), Morgenbladet (11.09.15). Boka fekk òg umåteleg god omtale i Aftenposten, og ho vart meld i Universitas 27/2015. Tidlegare i månaden hadde eg gleda av å figurera i same D2-reportasje som Orange is the new black-stjerna Laverne Cox. Fredag 2. oktober skal eg tala om boka mi saman med Linda Eide og Gunnstein Akselberg på Litteraturhuset i Bergen, i høve Forfattersleppet 2015.
Sjølv er eg nok mest stolt over at boka rett og slett vart kjøpt inn av Kulturrådet. Nålauga for sakprosa er som kjent frykteleg trongt, og eg var på ingen måte trygg på at eg skulle sleppa gjennom. Men det gjekk – og det gjer godt for forfattarøkonomien.