Det humpar og klekk seg

Sidan sist har det vore både jol og nyttår, og noko har eg då sysla med i vintermørkeret. Midt i desember heldt eg til dømes føredrag om ord og vendingar som har med sinnsstemningar å gjera («bli opplyft», «vera mørk til sinns»), for ei gruppe lækjarar som spesialiserer seg i psykiatri.

Om lag samstundes hadde eg eit lite innlegg på Språkteigen i P2. Det ligg ute her («Ord ved årets slutt»).

I januar byrja eg på ein ny serie i Dag og Tid: Fram til juni/juli skriv eg fast om eddadikting. Det vert berre ein liten stubb kvar veke, men det er gildt å få bryna seg på desse vidgjetne tekstene.

Noko ferding vert det òg. Mellom anna:
Torsdag 9. februar deltek eg på Prosalong i Stavanger saman med Solveig Aareskjold. Me skal snakka om kjønn og språk før og no.

Torsdag 16. februar skal Lars Anders Kulbrandstad, Bjørn Ivar Fyksen og eg tala om språket til Alf Prøysen. Det heile ber til på Ringsaker bibliotek (Brumunddal). Meir info i aktivitetskalenderen til biblioteket og på Facebook-sida deira.

Onsdag 8. mars høgtidar eg på Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Magnhild Folkvord og eg skal tala med Torill Myren om kjønn og slikt, med utgangspunkt i dei siste bøkene våre: Betzy Kjelsberg. Feminist og brubyggjar av Folkvord og mi Kjønn og ukjønn. Det vert musikk ved Jorunn Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet. Meir info her.

Ja, og elles skal eg helst koma i gang med nokre bokprosjekt, er von!