Fire tekster og eit radiointervju

Ved eit reint slumpehøve vert fire tekster som eg har arbeidt med til ulike tider det siste året, publiserte om lag samstundes. Det er

eit stykke om såkalla «lesbisk sengedaude», Fanfare #7
eit stykke om doarkitektur og drit, Syn og Segn 1/2016
eit stykke om ordet «hen», Samtiden 1/2016
ein artikkel om pejorativ (nedsetjande personnemningar) i tekstene til Alf Prøysen, i antologien Et uvanlig godt språkøre, red. K. Hagen og L.A. Kulbrandstad.

Elles deltok eg på 8. mars-feiringa i Trondheim med eit føredrag på festmøtet etter toget, og sist torsdag sende NRK P2 eit intervju med meg: Kulturhuset 10.03.2016

 

 

Språkgledeprisen

Hei, kor det går! Det var ei stor ære og glede og overrasking å vinna Språkgledeprisen 2016, som vert utdelt kvart tredje år av Språkrådet, Norsk Oversetterforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Gildt er det òg at pronomenet «hen» er nytta i grunngjevinga frå juryen og i ei pressefråsegn frå Språkrådet. Ingen tek skade av at dette ordet kjem i bruk, tvert om.

Her kan du lesa meir om prisen og kvifor juryen peika ut meg som vinnar.  Prisen tok eg imot på Litteraturhuset sist laurdag (siste formelle post på programmet for Oversatte dager). Språkdirektør Wetås overrekte prisen, og prisvinnaren var sjølvsagt blid!

Spraakglede-007_kappa

Foto: privat

Kjønn og ukjønn i historia

Frå det eine studentersamfunnet til det andre! Onsdag 24. februar står Bergen for tur. Saman med historikar Runar Jordåen, leiar for Skeivt arkiv, skal eg snakka om korleis skeive personar har vorte oppfatta og omtala frå mellomalderen og fram til i dag.

Fleire opplysningar om arrangementet finn du her.

Elles vil eg nytta høvet til å vitra om dei mange fine publikasjonane til Skeiv Ungdom.

Vanskelig-å-kjønne-cover-300x300

Kjønn deg sjølv

18. februar fyk eg til hovudstaden på nytt. Denne gongen skal eg vera med på eit spanande arrangement i regi Boktorsdag, Studentersamfundet i Oslo. Her skal eg drøfta språk, kjønn og seksualitet m.m. i lag med Gerd Brantenberg og Kim Østby, og Ylva Monsen (som skreiv ei grundig omtale av boka mi i haust) skal styra showet.

Meir informasjon om arrangementet finn de her.

Føredrag på Deichmanske bibliotek

Nytt år, nye oppdrag! Onsdag 13. januar kl. 19.00 (til ca. 20.00) held eg føredrag og tek imot spørsmål på Deichmanske bibliotek, Grünerløkka. Temaet er – ikkje uventa – kjønn og ukjønn, kva no det måtte vera. Fri inngang. Meir informasjon om arrangementet finn de her.

I mellomtida kan de hyggja dykk med dette biletet frå filialen (ca. 1945–1950).

Deichman Grünerløkka

Foto: Skotaam, Th. Kjelde: Digitalt Museum

 

 

 

 

Verden i Bergen

Fyrstkomande laurdag – altså 28. november – går den framifrå sakprosafestivalen Verden i Bergen av stabelen for andre gong. Programmet var særs godt i fjor, og det ser like flott ut i år. Arrangørane har jamvel funne rom til meg i programmet! Eg gler meg veldig. Du kan lesa meir om festivalen her, og om føredraget mitt her.

Temaet for festivalen er usynlegheit, her representert ved ein nesten usynleg fisk.

440px-Camouflage

Nominert til Språkprisen 2015

Akkurat då eg trudde at høgdepunktet mitt som skrivande menneske var nådd, og at 2015 umogleg kunne ha meir å byda på, kunngjorde Språkrådet at eg er nominert til Språkprisen 2015 – i lag med fem framifrå forfattarar. Å jø så nøfyse!

Nominasjonen er i seg sjølv reine sigeren for meg. Det er sjølvsagt ein klisjé, men som eg lærte av ein litteraturvitar ved NTNU: En klisjé e blitt te det den e fordi den va en god idé. Dessutan er det sant.

Sidan eg mellom anna er nominert for Norsk etymologisk oppkok (2012), nyttar eg høvet til å syna fram det fine omslaget (av Jesper Egemar).

oppkoket_omslag

I kveld: Selskapet (NRK2)

I går hadde eg gleda av å vera i lag med denne flotte gjengen. Me var i studio og gjorde opptak til kulturprogrammet «Selskapet», som vert sendt på NRK2 kl. 20.55 i kveld. Temaet er – ikkje overraskande – kjønn. Særleg sånn kjønn me omtalar som trans.

Frå venstre: Programleiar Nina Stensrud Martin, Esben Esther Pirelli Benestad, Luca Dalen Espseth, meg sjølv & halve andletet til Christine Marie Jentoft.

hjå selskapet
Foto: Christine Marie Jentoft.