Etter nokre rolege veker ved skrivebordet er tida inne for å leda på seg att. I enden på oktober og byrjinga av november skal eg reka ikring både i aust og vest, mellom anna til jubileumsseminaret til Rosa kompetanse (FRI), Sakprosafestivalen og fagseminaret på Falturiltu – nynorsk barnebokfestival. Eg skal tala om høvesvis skeive ord, sisteboka mi, skeiv barne- og ungdomslitteratur. Skakkare vert det ikkje!
Side 5 av 7
Språk og sånt
Sist fredag var eg i Trondheim og kåserte om språk for Studentmållet i Nidaros (SmiN), som fylte heile hundre år no i september. Veldig stas! Dessutan er det ti år sidan eg sjølv konverterte frå bokmål til nynorsk, eit byte SmiN skal ha mykje av æra for.
Elles kom det nyst ut ei fersk utgåve av Språknytt, med mange interessante stykke (som vanleg) og attpåtil eit intervju med meg. Alt saman finn du her.
Frå Krambua i Trondheim:
Nykel til Norsk Ordbok
Havrelefsa osb.
Ferien er no tilbakelagd, i den grad eg har hatt ferie (sumaren er ei god tid for reine lystprosjekt som hamnar eit stykke ned på lista til vanleg!), dimed livnar det i blogglundar òg. Eg har fått nokre spanande haustoppdrag som eg skal seia meir om når tida er mogen; somme arrangørar likar å halda programmet tett til brystet og sleppa heile sulamitten samstundes, og det har eg ikkje tenkt å sabotera.
Det vert kor som er ein kjekk haust! Vel å merka har eg inga ny bok i kjømda, men nokre nyskrivne stykke kjem til å siga ut i ålmenta, såpass kan eg lova.
Debatt: Han, ho og hen?
Regnbogedagane i Bergen er i gang, ei heil veke med skeive filmar, festar, seminar, debattar og anna sosialt samvær. Ein av debattane har pronomenet hen som tema, og eg har fått æra av å vera ordstyrar for eit flott panel: Stein Wolff Frydenlund (transpolitisk utval i FRI), Sturla Berg-Olsen (Språkrådet), Thomas-Thea Kathrine Gjestland (Forbundet for transpersoner i Norge) og Daniel Wojahn (språkforskar, Södertörns högskola). Skal me formelt innføra dette pronomenet i norsk? Kvifor vekkjer ordet så sterke kjensler?
Eg må elles nemna at Wojahn har skrive ei doktoravhandling som ser særs interessant ut: Språkaktivism. Diskussioner om feministiska språkförändringar i Sverige från 1960-talet til 2015. Her kan du lesa meir om det.
Vel møtt til debatt!
Fine festivaldagar
No har eg hatt eit gildt opphald på Lillehammer, som utan tvil gav meirsmak! Det var lærerikt og kveikjande å møta nye og gamle bokormar, og moro å få ta aktivt del sjølv. Her er eit glimt frå samtalen eg leidde mellom Tore Stavlund og Rebecca Dinerstein i dag.
Litteraturfestivalen på Lillehammer
Mai er stinn av grøne hagar og raude dagar (som eg må vedgå at eg ofte brukar til å arbeida i fred og ro) – og den største litteraturfestivalen i Norden. Eg talar om Norsk Litteraturfestival, òg kjend som Sigrid Undset-dagane, og dit skal eg i år! Eg har fått tre spanande oppdrag som du kan lesa meir om her.
Elles i månaden skal eg vera innleiar på eit seminar FTPN skipar til (Forbundet for transpersoner i Norge), halda nynorskkurs for ei gruppe sjuandeklasseforeldre her i Bergen, fara på møte i Litteraturselskapet og vonleg skrive noko vettugt innimellom.
Språkteigen
Soga om Prøysens pejorativ humpar vidare! Om du ikkje fekk med deg intervjuet i P1 Hedmark og Oppland førre veke, får du ein ny sjanse no: Det kjem eit innslag i Språkteigen fyrstkomande sundag (NRK P2 frå 09.30 til 10.00). NRK-journalist og Prøysen-fan Audun Kristiansen har dessutan funne nokre artige opptak der Prøysen sjølv seier mange av orda eg snakkar om, og det gler eg meg til å høyra.
Endå meir radio
Ikkje før hadde eg kome att frå påskefjellet, så bar det til eit radiostudio att. Emnet denne gongen er artikkelen min i antologien «Et uvanlig godt språkøre» – artikler om Alf Prøysen og språket. Der skriv eg om pejorativ (nedsetjande personnemningar) i nokre prosatekster av Prøysen, altså ord som stutkælv, førkjefille, kjæftspae, tullhøne, latstokk og survdokke.
Intervjuet vert sendt mellom 07.40 og 08.00 i morgon torsdag, P1 i Hedmark og Oppland.
Meir radio: Ukeslutt
Laurdag 19. mars var eg med i NRKs «Ukeslutt», der eg tala om juridisk kjønn i lag med John Jeanette Solstad Remø. Høvet var det nye lovframlegget om skifte av juridisk kjønn, som vart lagt fram 18. mars (jf. pressemelding frå regjeringa). Eg er særs nøgd med lovframlegget, men eg meiner regjeringa må fylgja tilrådinga frå ekspertgruppa bak rapporten «Rett til rett kjønn»: å greia ut ei eventuell innføring av eit tredje juridisk kjønnsalternativ.
Intervjuet kan du høyra her.