Trans t(w)eens i Drammen

I vinter har eg hatt gleda av å samarbeida med kunstnar Synnøve Sizou G. Wetten om ei utstilling ho står bak. Temaet er kjønnsidentitet hjå born og unge, særleg dei som står på terskelen mellom barndom og ungdom.

Utstillinga rommar mellom anna ein serie målarstykke av Wetten og utdrag frå ein samtale mellom henne og meg.

Medieomtale finst t.d. i nettutgåva til Blikk (her) og Gaysir (her).

Verka er utstilte ved Buskerud Kunstsenter og står frå 1. til 26. mars.

 

 

Debatt: Han, ho og hen?

Regnbogedagane i Bergen er i gang, ei heil veke med skeive filmar, festar, seminar, debattar og anna sosialt samvær. Ein av debattane har pronomenet hen som tema, og eg har fått æra av å vera ordstyrar for eit flott panel: Stein Wolff Frydenlund (transpolitisk utval i FRI), Sturla Berg-Olsen (Språkrådet), Thomas-Thea Kathrine Gjestland (Forbundet for transpersoner i Norge) og Daniel Wojahn (språkforskar, Södertörns högskola). Skal me formelt innføra dette pronomenet i norsk? Kvifor vekkjer ordet så sterke kjensler?

Eg må elles nemna at Wojahn har skrive ei doktoravhandling som ser særs interessant ut: Språkaktivism. Diskussioner om feministiska språkförändringar i Sverige från 1960-talet til 2015. Her kan du lesa meir om det.

Vel møtt til debatt!

Litteraturfestivalen på Lillehammer

Mai er stinn av grøne hagar og raude dagar (som eg må vedgå at eg ofte brukar til å arbeida i fred og ro) og den største litteraturfestivalen i Norden. Eg talar om Norsk Litteraturfestival, òg kjend som Sigrid Undset-dagane, og dit skal eg i år! Eg har fått tre spanande oppdrag som du kan lesa meir om her.

Elles i månaden skal eg vera innleiar på eit seminar FTPN skipar til (Forbundet for transpersoner i Norge), halda nynorskkurs for ei gruppe sjuandeklasseforeldre her i Bergen, fara på møte i Litteraturselskapet og vonleg skrive noko vettugt innimellom.

Språkteigen

Soga om Prøysens pejorativ humpar vidare! Om du ikkje fekk med deg intervjuet i P1 Hedmark og Oppland førre veke, får du ein ny sjanse no: Det kjem eit innslag i Språkteigen fyrstkomande sundag (NRK P2 frå 09.30 til 10.00). NRK-journalist og Prøysen-fan Audun Kristiansen har dessutan funne nokre artige opptak der Prøysen sjølv seier mange av orda eg snakkar om, og det gler eg meg til å høyra.

 

Endå meir radio

Ikkje før hadde eg kome att frå påskefjellet, så bar det til eit radiostudio att. Emnet denne gongen er artikkelen min i antologien «Et uvanlig godt språkøre» – artikler om Alf Prøysen og språket. Der skriv eg om pejorativ (nedsetjande personnemningar) i nokre prosatekster av Prøysen, altså ord som stutkælv, førkjefille, kjæftspae, tullhøne, latstokk og survdokke.

Intervjuet vert sendt mellom 07.40 og 08.00 i morgon torsdag, P1 i Hedmark og Oppland.

 

proeysenalf_fri

Kristiansand og Oslo neste

Påskehøgtida nærmar seg, men før det har eg to oppdrag i sør og aust: kåseri på Kristiansand folkebibliotek tysdag 15. mars (19.30) og debatt om ein tredje kjønnskategori, Chateau Neuf i Oslo onsdag 16. mars (18.00). Det er mogleg å sjå debatten live og i opptak på YouTube-kanalen til Kulturutvalet, til dømes på denne sida.

Tilskipinga i Kristiansand er det Kristiansand mållag som står bak. Innlegget mitt har tittelen «Veit du kva du snakkar om?», og her drøfter eg m.a. arbeidet med språkspalta i Dag og Tid og kjem med godbitar frå Norsk etymologisk oppkok (2012).

Fire tekster og eit radiointervju

Ved eit reint slumpehøve vert fire tekster som eg har arbeidt med til ulike tider det siste året, publiserte om lag samstundes. Det er

eit stykke om såkalla «lesbisk sengedaude», Fanfare #7
eit stykke om doarkitektur og drit, Syn og Segn 1/2016
eit stykke om ordet «hen», Samtiden 1/2016
ein artikkel om pejorativ (nedsetjande personnemningar) i tekstene til Alf Prøysen, i antologien Et uvanlig godt språkøre, red. K. Hagen og L.A. Kulbrandstad.

Elles deltok eg på 8. mars-feiringa i Trondheim med eit føredrag på festmøtet etter toget, og sist torsdag sende NRK P2 eit intervju med meg: Kulturhuset 10.03.2016

 

 

Kjønn deg sjølv

18. februar fyk eg til hovudstaden på nytt. Denne gongen skal eg vera med på eit spanande arrangement i regi Boktorsdag, Studentersamfundet i Oslo. Her skal eg drøfta språk, kjønn og seksualitet m.m. i lag med Gerd Brantenberg og Kim Østby, og Ylva Monsen (som skreiv ei grundig omtale av boka mi i haust) skal styra showet.

Meir informasjon om arrangementet finn de her.

Føredrag på Deichmanske bibliotek

Nytt år, nye oppdrag! Onsdag 13. januar kl. 19.00 (til ca. 20.00) held eg føredrag og tek imot spørsmål på Deichmanske bibliotek, Grünerløkka. Temaet er – ikkje uventa – kjønn og ukjønn, kva no det måtte vera. Fri inngang. Meir informasjon om arrangementet finn de her.

I mellomtida kan de hyggja dykk med dette biletet frå filialen (ca. 1945–1950).

Deichman Grünerløkka

Foto: Skotaam, Th. Kjelde: Digitalt Museum