Skeiv norsk litteratur før og no

Onsdag 7. juni held eg føredrag om skeiv norsk litteratur gjennom tidene. Arrangementet er ein del av Regnbuedagene og går føre seg på Litteraturhuset i Bergen (16.30–17.30). Meir info her.

I føredraget skal eg mellom anna sjå nærmare på to skeive pionerverk: Odd Lyng (1924) av Alf Martin Jæger og Følelsers forvirring (1937) av Borghild Krane.

 

 

Trans t(w)eens i Drammen

I vinter har eg hatt gleda av å samarbeida med kunstnar Synnøve Sizou G. Wetten om ei utstilling ho står bak. Temaet er kjønnsidentitet hjå born og unge, særleg dei som står på terskelen mellom barndom og ungdom.

Utstillinga rommar mellom anna ein serie målarstykke av Wetten og utdrag frå ein samtale mellom henne og meg.

Medieomtale finst t.d. i nettutgåva til Blikk (her) og Gaysir (her).

Verka er utstilte ved Buskerud Kunstsenter og står frå 1. til 26. mars.

 

 

Debatt: Han, ho og hen?

Regnbogedagane i Bergen er i gang, ei heil veke med skeive filmar, festar, seminar, debattar og anna sosialt samvær. Ein av debattane har pronomenet hen som tema, og eg har fått æra av å vera ordstyrar for eit flott panel: Stein Wolff Frydenlund (transpolitisk utval i FRI), Sturla Berg-Olsen (Språkrådet), Thomas-Thea Kathrine Gjestland (Forbundet for transpersoner i Norge) og Daniel Wojahn (språkforskar, Södertörns högskola). Skal me formelt innføra dette pronomenet i norsk? Kvifor vekkjer ordet så sterke kjensler?

Eg må elles nemna at Wojahn har skrive ei doktoravhandling som ser særs interessant ut: Språkaktivism. Diskussioner om feministiska språkförändringar i Sverige från 1960-talet til 2015. Her kan du lesa meir om det.

Vel møtt til debatt!