Opptaka ligg ute

No er det råd å sjå dei to samtalene eg leidde på Norsk Litteraturfestival sist laurdag. Opptaket frå samtala med Kristina Leganger Iversen, Linn Strømsborg og Marie Aubert ligg her. Og her ligg opptaket frå samtala med Stephen Walton.

Bakombilete frå studioet på Marienlyst (foto: Norsk Litteraturfestival)

Festival og sånt

No er det oktober, og då skjer det saker og ting:

Torsdag 18. oktober (kl. 18) deltek eg på arrangementet «Det vi skrev som barn» på Ingensteds i Oslo, saman med ein gjeng med fine forfattarar. Facebook-hending her.

Laurdag 20. oktober er det atter tid for Norsk sakprosafestival på Litteraturhuset i Oslo. Eg skal i aksjon to gonger: fyrst klokka 14, då Mímir Kristjánsson, Dag O. Hessen, Lars Lillo-Stenberg og eg skal presentera gamle skuleoppgåver … Skrekk og gru! Så klokka 16.30, då Helene Uri og eg skal halda kvart vårt stutte føredrag om språk og kjønn.

Talast!

Fine flokemeldingar

Homoflokar har vore ute i verda i om lag tre månader no, og eg kan ikkje seia anna enn at det har gått veldig bra. Gode meldingar har ho òg fått, mellom anna i Morgenbladet (her) og i Bokmagasinet til Klassekampen.

Nokre samtaler om boka skal det òg verta, mellom anna på biblioteket i Brumunddal 6. november (meir om det her) og på biblioteket på Lillehammer tidleg i desember. Eg kjem attende med meir info om det.

Bokmagasinet 11. august 2018