I det nyaste «Kjønnsliv»-innlegget mitt i Morgenbladet skriv eg om dei norske omsetjingane av Håvamål. Der er det ein del rusk.
Teksta ligg ute her.
I det nyaste «Kjønnsliv»-innlegget mitt i Morgenbladet skriv eg om dei norske omsetjingane av Håvamål. Der er det ein del rusk.
Teksta ligg ute her.
Homoflokar har vore ute i verda i om lag tre månader no, og eg kan ikkje seia anna enn at det har gått veldig bra. Gode meldingar har ho òg fått, mellom anna i Morgenbladet (her) og i Bokmagasinet til Klassekampen.
Nokre samtaler om boka skal det òg verta, mellom anna på biblioteket i Brumunddal 6. november (meir om det her) og på biblioteket på Lillehammer tidleg i desember. Eg kjem attende med meir info om det.
Eg har nyst byrja skriva i spalta Kjønnsliv på morgenbladet.no. Det fyrste innlegget (1.7.2018) dreia seg om kvinner og kroppshår. Teksta litt fritt tilgjengeleg her.
I samband med framsyninga Soufflette har Carte Blanche – Noregs nasjonale kompani for samtidsdans – gjeve ut eit magasin (#7, 2018) som på ymse vis koplar seg på tema i framsyninga. Magasinet er redigert av Gisle A. Gjevestad Agledahl, og mellom bidragsytarane finn me t.d. Sofie Frost, Sumaya Jirde Ali, Nils Bech. Og meg sjølv.
Du kan bla i magasina her.
Plutseleg var eg fireboksforfattar! Pamfletten Homoflokar kom frå prenteverket for ei dryg veke sidan, og no er ho sleppt ut i verda.
Ho kostar 149 kr og kan mellom anna kjøpast her eller i ein bokhandel nær deg. Eg kan varmt tilrå dei to andre bøkene i Norsk røyndom-serien òg: Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof og Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jirde Ali.
Bilete frå lanseringsfesten finn du mellom anna her.
No dreg det seg til! Eg er nyss heimkomen etter eit fint arrangement på Nasjonalbiblioteket der eg tala om språk i lag med Helene Uri og Hilde Østby. Eg har litt å hyggja med meg dei neste vekene òg:
Litteraturfestivalen på Lillehammer
folketale 31. mai og opplesing 3. juni
Regnbuedagene i Bergen
opplesing/samtale 4. juni (meir info kjem)
Lansering 5. juni av antologien Ny amerikansk poesi, Samlaget
Eg og fleire har omsett eit utval amerikansk samtidslyrikk
Meir info om arrangementet her.
Dei nynorske festspela i Ørsta
samtale 8. juni og endå ei samtale 9. juni.
Lansering 11. juni av pamflettserien Norsk røyndom, Samlaget
Den vesle boka mi Homoflokar vert lansert saman med to andre: Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof og Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jirde Ali. Meir info om arrangementet her.
Litt av vinteren min gjekk med til å setja meg nøye inn i og skriva om Det Norske Akademis ordbok, som vart offisielt lansert i januar.
No er meldinga mi publisert på nettsidene til tidsskriftet Prosa og i tidsskriftportalen hjå Morgenbladet (her).
Ordbokredaksjonen verkar nøgd med både risen og rosen dei får, jf. dette innlegget på Facebook-sida til NAOB (17.04.18):
Tjo hoi! Det skal som nemnt koma ei bok frå mi hand dette året, dessutan er eg i gang med ei ny (som truleg kjem om eit års tid).
I mellomtida kan me til dømes stikka innom Haugar Vestfold Kunstmuseum, som snart opnar utstillinga HEN – FLYTENDE KJØNN. Mykje fint å sjå, og eg har ei tekst i katalogen.
Hiv og hoi! Laurdag 28. oktober deltek eg på litteraturfestivalen Språk og identitet på Oppegård bibliotek (Kolbotn). Her skal eg sitja på scena og tala med Maria Alnæs og Toril Opsahl om – ja, nettopp – språk og identitet. Me byrjar kl. 15.00. Velkomen!
Elles held eg på gjera ferdig eit lite bokmanus, så det er mangt å gle seg til framover.