Oppdrag i vest

No byrjar turnéverksemda så smått å ta seg opp att! Laurdag 25. september klokka 18.00 skal eg til Strilabiblioteket Knarvik og halda føredrag om språkirritasjon. Arrangementet er ein del av Nynorskdagane i Alver. To veker seinare skal eg til Litteratursymposiet i Odda, der eg har fått heile tre oppdrag. Eit av dei er ein skeiv aftan der Lars Korff Lofthus og eg samtalar med Jens Kihl om «hug, homs og historie». Storgildt!

Elles skal eg hit og dit halda nokre innlegg på møte og seminar for særskilt inviterte. Så eg får då lufta meg litt – endeleg.

Bokprat på Gjøvik

Torsdag 26. august skal eg til biblioteket på Gjøvik og snakka om Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Arrangementet byrjar kl. 19.00 (og varer vel ein snau time). Fri inngang, men på grunn av registrering og slikt bør ein ordna seg ein gratisbillett. Det kan ein gjera her.

Velkomne!

Omtalar og meldingar

No har meldingane byrja koma, og til alt hell er dei gode! Helene Uri skreiv pent om boka i Aftenposten 8. mai. I det nyaste nummeret av Morgenbladet (14. mai) står den gjævaste meldinga eg har fått nokon gong. Meldaren er ingen ringare enn huslingvisten i bladet, Paal Uvaag. Dagen etter stod det ei framifrå melding i Bokmagasinet til Klassekampen, signert Bjørn Ivar Fyksen.

Eg er sjølvsagt glad og letta over at dei rosar boka, men det er òg gledeleg at dei kjem med rettkomne og godt grunngjevne kritiske merknader. Slik skal det vera.

Oppslaget i Morgenbladet:

Skeiv norsk litteratur – no òg i Vagant!

I sumar har eg arbeidt med ein artikkel om eldre, norsk «homolitteratur», basert på føredraget eg heldt i Bergen i juni. No er han komen på prent, i Vagant 3/2017:

«Den nye tids type, halvmændene. Kva skeive smakebitar byd den norske bokheimen på?», s. 90–99.

Bokhandelens sakprosapris

Juhu! Laurdag tok eg imot Bokhandelens sakprosapris, som skal «gå til ein forfattar i etableringsfasen som i prisåret utmerkte seg med ei ny bok av høg kvalitet» (frå juryfråsegna). Prisen er eit samarbeid mellom Bokhandelforeningen og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Attåt heider og ære kjem 50 000 kr, noko som slett ikkje er lommerusk, i alle fall ikkje i mi lomme.

Juryen har vore forfattar og sakprosakritikar (i NRK) Arnhild Skre, forfattar og sakprosakritikar (i Morgenbladet) Espen Søbye og omsetjar Kristin Gjerpe. Hjarteleg takk til dei!

Nedanfor er eit bilete frå utdelinga, med generalsekretær i NFF Tore Slaatta til venstre og direktør i Bokhandlerforeningen Trine Stensen til høgre. Under der att eit bilete frå samtalen min med Espen Søbye på sakprosafestivalen laurdag. Takk til alle som kom og høyrde på oss.

sakprosapris_med-slaatta-og-stensen

samtale-med-sobye

Fine festivaldagar

No har eg hatt eit gildt opphald på Lillehammer, som utan tvil gav meirsmak! Det var lærerikt og kveikjande å møta nye og gamle bokormar, og moro å få ta aktivt del sjølv. Her er eit glimt frå samtalen eg leidde mellom Tore Stavlund og Rebecca Dinerstein i dag.

IMG_2713.JPG

Meir radio: Ukeslutt

Laurdag 19. mars var eg med i NRKs «Ukeslutt», der eg tala om juridisk kjønn i lag med John Jeanette Solstad Remø. Høvet var det nye lovframlegget om skifte av juridisk kjønn, som vart lagt fram 18. mars (jf. pressemelding frå regjeringa). Eg er særs nøgd med lovframlegget, men eg meiner regjeringa må fylgja tilrådinga frå ekspertgruppa bak rapporten «Rett til rett kjønn»: å greia ut ei eventuell innføring av eit tredje juridisk kjønnsalternativ.

Intervjuet kan du høyra her.