Den 8. mars fyk eg til Litteraturhuset i Skien for å snakka med Mona Høvring og Anne Spånem om kjønn, kjærleik og gleda ved å leika med språket.
Den 10. mars held eg føredrag på Nasjonalbiblioteket. «Skeiv ordhistorisk aftan», er tittelen.
Velkomne!
Den 8. mars fyk eg til Litteraturhuset i Skien for å snakka med Mona Høvring og Anne Spånem om kjønn, kjærleik og gleda ved å leika med språket.
Den 10. mars held eg føredrag på Nasjonalbiblioteket. «Skeiv ordhistorisk aftan», er tittelen.
Velkomne!
No byrjar turnéverksemda så smått å ta seg opp att! Laurdag 25. september klokka 18.00 skal eg til Strilabiblioteket Knarvik og halda føredrag om språkirritasjon. Arrangementet er ein del av Nynorskdagane i Alver. To veker seinare skal eg til Litteratursymposiet i Odda, der eg har fått heile tre oppdrag. Eit av dei er ein skeiv aftan der Lars Korff Lofthus og eg samtalar med Jens Kihl om «hug, homs og historie». Storgildt!
Elles skal eg hit og dit halda nokre innlegg på møte og seminar for særskilt inviterte. Så eg får då lufta meg litt – endeleg.
Torsdag 26. august skal eg til biblioteket på Gjøvik og snakka om Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Arrangementet byrjar kl. 19.00 (og varer vel ein snau time). Fri inngang, men på grunn av registrering og slikt bør ein ordna seg ein gratisbillett. Det kan ein gjera her.
Velkomne!
Snarveg her.

No har meldingane byrja koma, og til alt hell er dei gode! Helene Uri skreiv pent om boka i Aftenposten 8. mai. I det nyaste nummeret av Morgenbladet (14. mai) står den gjævaste meldinga eg har fått nokon gong. Meldaren er ingen ringare enn huslingvisten i bladet, Paal Uvaag. Dagen etter stod det ei framifrå melding i Bokmagasinet til Klassekampen, signert Bjørn Ivar Fyksen.
Eg er sjølvsagt glad og letta over at dei rosar boka, men det er òg gledeleg at dei kjem med rettkomne og godt grunngjevne kritiske merknader. Slik skal det vera.
Oppslaget i Morgenbladet:

Fin sak i det nyaste nummeret av Morgenbladet! Intervjuet er òg tilgjengeleg (for tingarar av avisa) her.


Dei siste månadene har eg skrive for harde livet, og no er det ikkje lenge til skriftstykket skal ut i verda: Kunsten å irritera seg over skrivefeil kjem i vår! (I april, er planen). Den gilde bokbunaden har Johanne Hjorthol laga. Fylg med, godtfolk, dette vert spanande!

No går snart T. Singer-festivalen 2020 av stabelen! Datoen er 26. september, staden er Notodden, og temaet for festivalen i år er nettopp «staden». Eg har fått i oppdrag å bokbada Bjørn Hatterud, som tidlegare i år gav ut Mjøsa rundt med mor. Gler meg!
Meir info om festivalen her.