Nykel til Norsk Ordbok

Eit nytt nummer av Prosa er ute, med mykje god lesnad inni, som vanleg. Eg har hatt gleda av å skriva ein essayistisk introduksjon til Norsk Ordbok, den store ordboka som mange har høyrt om, men som litt færre har gjort seg kjende med.

Stykket kan òg lesast på nett her.

 

 

Havrelefsa osb.

Ferien er no tilbakelagd, i den grad eg har hatt ferie (sumaren er ei god tid for reine lystprosjekt som hamnar eit stykke ned på lista til vanleg!), dimed livnar det i blogglundar òg. Eg har fått nokre spanande haustoppdrag som eg skal seia meir om når tida er mogen; somme arrangørar likar å halda programmet tett til brystet og sleppa heile sulamitten samstundes, og det har eg ikkje tenkt å sabotera.

Det vert kor som er ein kjekk haust! Vel å merka har eg inga ny bok i kjømda, men nokre nyskrivne stykke kjem til å siga ut i ålmenta, såpass kan eg lova.